Tradisjonsrik marknad & underhaldning

Den tradisjonsrike marknaden vert helde på Aurlandsvangen mellom kl. 10:00 og 16:00 laurdag 1. Juli. Velkomen til store og små (gratis)!

I tradisjonell samanhang er ein marknad ein avgrensa plass der kjøparar og seljarar møtast for å gjere handel i liten skala. Det kan vere marknader av ulike slag og av ulik storleik. Marknadskulturen i Aurland har røter langt attende, og me vil ha fokus på å vidareføre denne gode og viktige tradisjonen.

Me ynskjer velkomen til Aurlandsmarknaden, ein tradisjonsrik sumar-marknaden ute i det fri. Her er det sosialt og kjekt, underhaldning og handel går hand i hand, og Marknadsfest er eit stort høgdepunkt både fredag og laurdag kveld.

I 20 år har Aurlandsmarknaden vore eit høgdepunkt for lokalbefolkinga i bygda, og slik skal det fortsette å vere. Me ynskjer at mange seljarar tek kontakt med oss for å sikre seg bod-plass på marknaden. I 2017 set me eit ekstra stort fokus på lokale tilbydarar, og me håpar flest mogleg lokale vil vise fram kva dei har og tilby.

Me ynskjer hjarteleg velkomen til seljar og gjest!

Opplev lokale smakar og lokalt handverk samt ha det moro med hoppeslott, bilbane, ansiktsmåling, andeslepp eller sightseeing i bygda med anten Rallartog eller helikoptertur!

Marknad og ulike aktivitetar mellom kl. 10:00 og 16:00

Servering på Odden frå kl. 13:00

Andeslepp kl. 14:00


 

Prisar for bodplass: 

15 kvm. – NOK 500 eks. straum

15 kvm. – NOK 750 inkl. straum 

For bestilling av bodplass, kontakt Christoffer Lysne Elgåen:

E-post: christoffer.elgaen@aurland.kommune.no

Tlf: +47 906 48 511


 

Dagsunderhaldning laurdag mellom kl. 16:00 og 18:00. Alle folk i alle aldrar er hjarteleg velkomne, og dagsarrangementet er gratis!

Vår lokale helt Finn Tokvam kjem på marknaden, denne gongen saman med artist og skodespelar Claus Sellevoll. Duoen vert rekna som Vestlandets fremste humoristar, og saman hyllar dei vår landsdels særeigne humor og dialektar.

 

I tillegg kan du oppleve det beste av unge lokale musikarar og dansarar, samt kåring av det store andesleppet.