Aurland

Mellom høge majestetiske fjell og djupe tronge dalar ligg Aurland idyllisk til ved fjorden, eit ferieparadis for langvegsfarande, utflytte og heimekjære. Aurland kan flagge med kjende attraksjonar som den unesco lista Nærøyfjorden, det spektakulære utsiktspunktet Stegastein, den verdsberømte Flåmsbana, geitost og mykje meir. Bygda ligg plassert ved E16 mellom aust og vest med enkel ankomst med bil/buss, med båt frå fjordane og Bergen eller tog til Flåm.

Bli med på Aurlandsmarknaden og opplev vakker natur, levande kultur og historie. Velkomen til oss!

Lurar du på kvar du kan overnatte? Ta ein titt her: (under oppdatering)

Vangsgaarden Gjestgiveri ligg idyllisk plassert i fjordbygda Aurland, heilt innerst i Sognefjorden. Her har familien Ohnstad-Stigen teke i mot gjester i fleire generasjonar. Me har teke vare på tradisjonane som strekkjer seg tilbake til 1700-talet.I vår restaurant kan du smaka mange av dei lokale matvarene som bygda vår er kjende for. Me tilbyr overnatting, restaurant og eit mangfald av aktivitetar i vårt nærområde.


 

Aurland Fjordhotell ligg sentralt plassert på Aurlandsvangen med nydeleg utsikt over Aurlandsfjorden.


 

29/2 Aurland gir deg ei fantastisk oppleving i idylliske omgivnader.


 

Winjum Hytter ligg nær sentrum med utsikt til vakre Aurlandsfjorden!


 

Lunde Camping ligg idyllisk til ved Aurlandselva i kort avstand til sentrum.


 

Skresanden Hytter tilbyr komfortabel overnatting i hyggjelege omgivnader.