FAMILIEKVELD // FREDAG 6. JULI

Ta med heile familien og nyt kvelden på Odden saman med oss. God musikk frå scena, god mat samt herleg stemning vil gjere kvelden til eit av sumarens høgdepunkt for heile gjengen. NB: Familiekvelden er ALKOHOLFRI, altså vert det ikkje sal av alkohol på arrangementet fredag.

I år har vi gleda av å ynskje Odd Nordstoga velkomen til Aurland. Den folkekjære artisten er kjend for både store og små, og vi gler oss til å høyre kva han har av nytt materiale samt synge med på låtar vi kjenner godt til. Våre lokale heltar «DEI KVINNFOLKA» lagar ein revy spesielt for kvelden – bli underhaldt og le godt med oss!

Opningstider; Dørene opnar 17:30 // Dørene stenger 21:30 (Duehuset held ope på kvelden om nokon ynskjer seg noko godt å drikke etterpå) 

Inngangspris fredag; Vaksen – NOK 300,- // Born – NOK 150,-

Helgepass for vaksne; NOK 600,-


 

REVY MED «DEI KVINNFOLKA»

DEI KVINNFOLKA framfører ein splitter ny REVY på familiekvelden – fredag 6. Juli. Dei seier følgande; «Med skråblikk og humor tek me føre oss smått og stort i lokalmiljøet – det som irriterar, provoserar og det du ikkje trudde me ville seie!» Folkens, dette vil de ikkje gå glipp av – bli med på familiekveld på Odden!

 

ODD NORDSTOGA

NYHEIT – Familiekveld på Odden fredag 6. Juli!
… Og sjølvaste ODD NORDSTOGA kjem! Han spelar frå sitt nye album «Kløyvd» samt kjende og kjære låtar, og me klarar knapt vente. Familiekvelden er for alle, meir detaljar kjem fortløpande. Me garanterer magisk stemning ved fjorden med god underhaldning frå scena.
Me takkar alle flotte samarbeidspartnarar og sponsorar, samt rettar ein spesiell takk til Aurland Sparebank og 10-års jubilanten Nærøyfjorden Verdsarvpark for si støtte øyremerka til familiekvelden.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *