MARKNADSFEST // LAURDAG 7. JULI

Bli med på festlegheiter når vi inviterar til marknadsfest på Odden!

 

Aldersgrense på marknadsfest: Født i år 2003 og eldre.

Pris marknadsfest laurdag: NOK 400,-

Pris for helgepass: NOK 600,- 

Du får kjøpt billett i døra, under marknaden og på Aurlandsvangen Onsdag 4. Juli mellom 15:00 og 19:00.


 

VESTLANDSFANDEN

VESTLANDSFANDEN lovar ellevill stemning når dei spelar på marknadsfesten laurdag kveld, 7. Juli!💃
Det folkekjære bandet er på sitt 36. år med speling landet over, og med smittande humør og svingande folk-rock dreg dei publikum ut på dansegolvet samt opp på bordet frå første tone. Landeplagene ”Plukka plommer i Hardanger” og ”For livets glade gutter går solen aldri ned” er berre nokre av fleire kjende og kjære låtar me får høyre. Me gler oss – GLER DU DEG?

FOLK FLEST

Kven kosa seg i fjor då Folk Flest spelte på Aurlandsmarknaden? Det gjorde me! Det er difor ei sann glede å annonsere at Lustrabandet FOLK FLEST kjem attende, og saman med Vestlandsfanden utgjer dei Marknadsdansen laurdag 7. Juli! HURRA! Med country og irsk-inspirert musikk byr dei til dans og lagar god stemning, og i «spissen» for det heile finn me Sogn si nye sangstjerne – Einar Bolstad! Dette vert litt av ein fest – bli med!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *